- Juletrea våre er like vest for Borsheim barnehage
og Eirik Raude-senteret på den andre sida av vegen.
Adressa er Nordsjøvegen 241 i Klepp.
- Parkering ved JuletreHodne-skiltet som er rett ved juletrefeltet
eller på grusvegen som går ned mot garden.
- Betalingsalternativa våre er Vipps, kontant eller bankoverføring.
Me er ekstra interessert i å motta betaling via Vipps.
- Juletreprisane er frå 300 - 800 kr og avheng av høgd og kvalitet.
Me har såleis og billege alternativ til dei som ønskjer eit rimeleg innetre
eller eit tre som ein til dømes kan ha i hagen, på trappa eller terrassen.
Dette er som oftast juletre med enkelte, men akseptable kvalitetsfeil.
Med juletrelys og/eller pynt vil desse trea kunne skapa den same julestemninga,
likeeins som andre juletre.
- Til juletre som skal stå utandørs, kan ein få gratis bakkefeste.
Nokre få og enkle tiltak kan vera med å halda juletreet fint
gjennom heile julefeiringa og til jula blir rydda ut.
Når du har fått treet heim, treng det å akklimatiserast.
Ta av nettet som juletreet er frakta i og sag gjerne av
eit par cm av rotenden for at det lettere skal ta opp vatn.
Set det så i juletrefoten med lunka vatn.
Viss du vil gje treet meir vatn kan du bruke ei bøtte i staden.
Unngå samtidig å stilla det inntil ein vegg,
og at nokre av greinene ikkje får retta seg ut.
La treet stå i ein kjellar, garasje eller bod i eit par døgn,
før det blir tatt inn i stova.
Det treng å stå ein kjøleg stad som er mellom ute- og stovetemperatur
for og tilvennast innevarmen.
Viss det blir set inn i stova med ein gong
vil den raske overgongen frå kaldt til varmt føra til nålefall.
Husk å etterfylla foten til juletreet skal ut av huset,
då edelgrana kan ta til seg mykje vatn kvar einaste dag.
Dette sikrar kvaliteten på treet.
Lukka til med juletreet!