Juletrefelta ligg på Hodne i Klepp langs Nordsjøvegen.
Adressa er Nordsjøvegen 241, Kleppe.
Me produserar og sel finaste kvalitet Nordmannsedelgran
for heimesalg og engros.
Dei fyrste juletrea vart planta i 2002.
År for år har me planta nye felt med juletre, med unntak av dei aller fyrste åra.
Siden 2009 har det blitt planta eit nytt felt kvart år til og med 2018.
Målet vårt er å selja kvalitetsjuletre frå dei minste på ca. 1 m.,
og til dei høgaste på 3-3,5 m.
Gjennom forming av trea legg me eit godt grunnlag,
for at vekstsesongen kan gje ei fin form på endå fleire juletre enn før.
I sommarhalvåret dreier arbeidet i juletrefelta seg om
gjødsling, plantevern og fleire variantar av forming.
Alt dette med fokus på å levera juletre av topp kvalitet år for år framover.
Eg (Torleif) er 8. generasjon i rett nedstigande rekkjefølgje.
Slekta har vore på garden sidan 1744.
Garden er nå seld til ei eg er farbror til og hennar familie. Eg driftar fortsatt juletrea.
Det opphavelege bruket er i dag delt opp i 4 gardsbruk.
Frå førhistorisk tid har det budd folk på vår gard.
I Stavanger museum si årbok frå 1963 kan me lesa om eit funn på vår eigedom:
Hjerteformet pilspiss av gråbrun flint [...] Lengde 2,3 cm.